Meir om dahliastiklinger
Stiklinger kan ha litt ulike størrelser, ikkje alle kultivarer veks like raskt sjølv om dei blir laga samme dag.
I løpet av dyrkingssesongen vil likevel alle bli fullverdige planter, med egne knoller ein kan lagre over vinteren.
Ein skulle tru at ei lita stikling ikkje har like mykje voksekraft som ein tjukk knoll, men det stemmer ikkje.
Ofte ser me at stiklingane som er tatt på samme tid som knollen blir satt i jorda, blomstrer før knollen!
For å lage stiklingene bruker me jord, og undervarme.
Det er litt ulike meininger om å bruke rotingshormoner, nokon meiner at rotingshormon saman med "feil" bruk av plantelys kan forsinke planta si omstilling fra rotdanning til knolldanning. For å sikre overvintring ønsker me fine knoller som lagrer godt. Me velger derfor å ikkje bruke rotingshormon, berre sånn i tilfelle.
Mange bruker også ulike plugger som Root riot og lignende til stiklinger. Me har ikkje sett at fordelene veier opp for at produktet er langreist (ofte kokosfibre). Det er også litt vanskelig å forstå kva klosane faktisk er laga av for å få den gumiaktige konsistensen.
Då tenker me det er bedre å unngå heile greia...
Me gjer vårt beste for å sende plantene så miljøvennlig som mulig, og unngår plast så godt det lar seg gjere.


Når du planter ein stikling, er det fristande å la mest mulig grønt få være over jorda.
Men det luraste du kan gjere er å fjerne dei nederste bladpara, og plante så djupt at det kun er det øverste grønne igjen som synes over jorda. På denne måten kan cellene som sitt i bladfestet endre arbeidsinstruks, og lage knoller istedet for blad. Her ser ein tydelig tre "etasjer" med knoller som har komt ut fra der blada først var festa. Dette fører til ei sterkare plante, og fleire knoller som du kan dele med venner (eller beholde sjølv!) året etter.
Ein stikling er på samme måte som ein knoll er det, ei nøyaktig klone av morplanta.
Meir om dyrking av dahlia
Dahlia fra frø
Å dyrke dahlia fra frø er spennande,
men ein veit aldri helt kva ein får...
Dahliafrø blir ikkje like som foreldra,
slik det blir hos mange andre planter.
Men det er ved å krysse pollen fra ulike foreldre at nye kultivarer (KULTIvert VARiant) blir til.
Dei originale dahliaene var enkle, åpne sorter, der insekt lett kjem til for å pollinere. Når du høster frø fra dagens dahlia, vil mange av frø-babyane gå tilbake til dette, og bli åpne, enkeltblada blomster, gjerne i fargane rødt og gult. For å få fram ein ny kultivar, ein ny 'Cafe au lait' eller anna hit, må du sannsynligvis kassere rundt 1000 andre...
Men det finns strategier, tips og triks som gjer at du har større odds for å få fram det du har lyst til.
Om du er interessert i å lære meir om dette, anbefaler eg varmt boka til Kristine Albrechts.
Den kan kjøpast her:
(husk, det kjem ingen tillegg for fortolling eller norsk mva på bøker :) Jippi!)


Bildet viser kor ein prøver å skjære meristem celler fra.
Her har Erlend pilla vekk lag på lag med bladpar, og eksponert punktet me treng for å sikre friskt plantemateriale. Cellene her veks så fort at dei "veks fra virus", slik at ein på denne måten kan lage nye, friske planter, av ein i utgangspunktet sjuk plante.
Det høres lett ut, men det ein skal skjære er så smått at det ofte må 30 forsøk (som overlever!) til for å finne ein som er liten nok til å være frisk. Når kvar prøve koster ett par tusen kroner å teste, seier det seg sjølv at dette ikkje er noko ein kan drive med på uendelig mange ulike kultivarer. Men når det er fullført, kan ein bruke denne morplanten i "uendelighet" så lenge den blir stelt og fornya i sin lille beholder i lab'en..


fotocred: National Dahlia Society UK
Bladgall
Dette er den enklaste sjukdommen å oppdage.
Til venstre ser du ein våken dahliaplante, med rare, og gjerne altfor mange grønne sammenklumpa skudd.
Her er det så lite at ein lurer enda, men på planta til høgre ser ein "blomkålveksten" som danna seg grunna gall forrige sesong svært godt. Desse plantene bør kastast for å unngå å smitte andre planter.
Usikker på om du har gall på planten? Dersom du får ein papirbit mellom kvart skudd er det OK, men om skudda er sammenvokst er planten sjuk.
Mottar du ein slik plante, fra kven som helst, må du reklamere umiddelbart og få pengane tilbake.

Dahlia og sjukdommer
Det er lett å la seg overvelde over sjukdommar i dahlia når ein begynner å lese, og klikker seg innom ulike Dahlia forum og grupper på nett.
Det er mange sjukdommar som kan ramme plantene, men hovedregelen det er lurt å følge er:
"-When in doubt, throw it out."
Om ein dyrker planter i store potter, er det enkelt å sette mistenksomme planter i karantene, og sikre at dei ikkje smitter resten av samlinga di før du rekk å finne ut om det var næringsmangel eller sjukdom ...
Om dei er planta nær andre dahlia i bakken, er det lurt å rive opp planta og kaste den (i søppelet, ikkje i komposten).
Både virus, og bakteriesjukdommar som gall er utbredt. Overdrevent mange skudd fra knollen er ofte bladgall, mens svulster kan være krongall. Det er lett å finne eksempel ved å google. Begge typer gall gjer at ein bør kaste plantene, dei kan smitte (via vatn og jord) til andre typer planter som frukt og løkblomster. Ikkje noko du vil ha med å gjere i hagen altså...
Amerikanske undersøkelser viser at over 80 % av alle dahlia der har ett eller fleire virus i seg ('Dahlias seed to bloom' K. Albrechts 2023). Desse viser seg ofte ikkje før planta blir stressa (lite vatn, lite næring etc.).
Virussmitte sprer seg via plantesaft, så for å unngå å spre smitte, steriliserer me sakser/utstyr mellom kvar plante, både ved høsting av blomster, og deling av knoller. I tillegg bør ein ha kontroll på insekt (trips, lus) som kan hoppe fra ein plante til neste, og spre sjukdommer på denne måten.
Då det begynte å sjå håpløst ut for å holde ei etterkvart kostbar og flott dahliasamling sjukdomsfri, begynte me å leite etter løsninger, og fant informasjon om meristem og virusrensing. Me starta eit samarbeid med ein mindre lab i nærområdet, som jobber med å perfeksjonere teknikken no.
I teorien kan ein unnsleppe virus, ved å dyrke fram planter høsta fra meristem celler i planta.
Ein treng eit godt stereomikroskop, og ett sterilt miljø.
Det høres lett ut, men er dessverre ikkje noko kven som helst får til på kjøkkenet heime, men prøv gjerne! Me treng alle dei friske dahliaene me kan!
Etter at ein har fått fram store nok planter fra meristem til at ein kan klippe av nok bladmasse til at det kan testast, blir prøven sendt til eit anna laboratorium som har ekspertisen som trengs.
Dette er ein svært kostbar prosess, då det ikkje er heimetestingsett tilgjengelig i Norge.
Men om ein får det til (eit negativt resultat på testen) kan ein i teorien dyrke vidare på den samme planten i ein isolert beholder i laben, og sikre at akkurat den forblir sjukdomsfri. Når ein treng fleire planter, tar ein stiklingar av lab-morplanta.
Til no (2025) er det kun KA© og RM© kultivarene me har som er oppformeira på denne måten.
Dei har blitt virusrensa og/eller testa i USA, og blitt dyrka videre på, og sendt som knollar til oss i Norge. Ein kan ikkje lenger gi garanti for at dei er virusfrie, siden dei er sendt som knoller og ikkje miniplanter i reagensrør (tissue culture) , men dei har blitt dyrka separat, så det er liten sjanse for smitte.
Det ideelle hadde vore å få tilsendt planter som tissue culture (voksande i næring i små forsegla glass), men det fordrar at mottakar har egna fasiliteter å dyrke desse videre i (lab, og kunnskap om næringsblanding for tissue culture planter).
Me håper og trur at dette blir framtida. Men ofte er hybridizerene av dei "aller flottaste" dahlia kultivarene, også småbedrifter som oss, og sjølv om me små-bedriftseigarane er gode på det meste fra foto til dyrking og regnskapsføring, så er det for spesielt interesserte å sette seg inn i Tissue culture dyrking og lab i tillegg...
Ved å ta "skikkelig" betalt for plantene, kan me dele overskuddet tilbake i verdikjeden. Og ved å sikre lønnsomhet i alle ledd legg me opp til at andre kan gjere den viktige jobben med å levere friske planter til oss. (Så takk for at du velger å handle hos oss!)
Uten å nevne navn, så er det lett å tenke seg til kvifor mange av kultivarene som finns idag har virus. I storskala dahlia produksjon blir blomstrane klipt av, slik at planten skal fokusere på knolldanning istedet for blomstring og frøsetting. Dette blir gjort maskinelt, med utstyr som vanskelig lar seg desinfisere, og sprer lett samme sjukdom til heile plantefeltet.
Virus
Me tenker ofte at virusproblematikken er ny,
men allerede på 1930-talet begynte ein å kreve at utstillingsdahliaer som deltok i konkurranser, skulle ha blad på seg, slik at dommarane kunne vurdere heilheten av planten inkludert sunnhet.
Då bytta man kanskje planter med naboen, og dei i nærområdet, men idag sender me planter over landegrenser og kontinent ved eit tasteklikk. Dermed sprer me også potensielle sjukdommar mykje enklare og raskare enn tidligare.
Det er mange ulike virus plantene kan få, og det er vanskelig (og ikkje nødvendig for ein hobbygartner) å lære seg alle. Om du sett planter som ikkje ser friskt grønne ut i karantene, har du allerede gjort det bra.
Om planten ikkje kjem seg etter ett par dager med næring og godt stell, bør alarmbjellene ringe.
På bildet over ser ein dahliablad som er gule i bladnervene. Dette er eit dårlig tegn.
Mosaikk mønster i den grønne delen av bladet også.
(Dei brune prikkane er huset til nyttedyr me bruker for å holde kontroll på lus og trips)
Andre mønster i blada kan være andre virus, men ikkje få panikk om du ser ein liten feil på ett enkelt blad, det kan også være ett ufarlig innsekt, eller andre småskader.
































