Meir om dahliaknoller
Me deler dahliaplanter til singelknoller, 'Chickenlegs'.
Det er ganske utrulig at ein liten knoll blir til ein svær ny dahliaplante i løpet av ein forholdsvis kort sommar.
Dersom du har dyrka dahlia før, og planta heile knollen uten å dele ett par år på rad, så har du sikkert merka at blomstrane har blitt både mindre og styggare. Ved å dele, får planten ny giv, og den kan bruke all tilgjengelig næring, vatn og lys sjølv.
Det blir ikkje fleire blomster på ein stor knoll med mange vekstpunkt, det blir berre konkurranse om det som er tilgjengelig...


Dei importerte knollane me er vant til å kjøpe,
er stiklinger fra året før, som blir tatt opp med maskin, på samme måte som poteter blir tatt opp. Røff håndtering gjer at mange knekk.
Ein knekt hals på ein knoll gjer at knollen ikkje kan blomstre. Den råtner vekk.
Å ha råtnande plantedeler i jorda, ilag med knoller som skal spire, er ingen fordel, så ved å dele knollgrupper til single knoller, øker ein sjansen litt for at vekkinga av planten går bra.
På videoen til høgre ser du ett eksempel på ein knoll som har blitt tatt opp med maskin. Her er det mange lause/knekte deler som dingler rundt og ikkje gjer nytte for seg. Dei kan med fordel klippast vekk før ein planter. Næring og vatn fra kroppen av knollen, skal via den tynne delen (halsen), og opp til krona der augene som skal spire sitt. Dette skjer så fort knollen får røtter.
Denne transportetappen er umulig når veien er knekt av. Er det berre delvis knekt kan du ha flaks, men det beste er at knollen er skadefri.
Ved å dele knoller til "Chickenlegs" for hand,
sikrer me oss at alle knollane er inspisert, at ein har funne auge (vekstpunkt), og at det ikkje er tegn av gallsjukdommar på knollen. Me deler om høsten, for auga er tydelige rett etter at planten er gravd opp. I løpet av vinteren blir auga vanskelige å sjå, men når ein tar knollane fram i varmen igjen om våren, sveller dei fort opp,
og er klare for planting.
Me sender kun ut knoller som har blitt sjekka både høst og vår.













