top of page

VÅR HISTORIE

Etter ei lang natt som brannvakt på gårdens delvis nedbrente løe, vart Nederlandske Ron og Marie gode venner med det eldre søskenparet Hans og Bergitte som eigde gården Blomtræet på Grinde. Den unge familien budde i ett byggefelt, men drømte om større plass til å dyrke. Ein avtale om kjøp av gården vart inngått, og etterkvart vart det drivhus og juletreplanting istedet for sau på Blomtræet.
Åra går, og dei to små jentene som tripper rundt foreldra på ett idyllisk Norge Rundt innslag fra 1989, veks til og får egne grønne interesser. Blomsterbutikk, pyntegrønt, snittblomster og grønnsaksdyrking går no hand i hand.

http://www.norge-rundt.no/video/2901

GARDEN IDAG

Her dyrkast det økologisk grønt i sommarhalvåret. 
Både sommarblomster og stauder finns i massevis, det meste blir solgt som snittblomster, men det blir også dyrka litt for salg i potter.
Tomat og aguk trivst godt i drivhuset, men me syns alltid det er kjekt å prøve noko utenom det vanlige. Årlige tropiske innslag som ingefær, søtpotet, soyabønner, og sitrongras er ikkje uvanlig.

Pyntegrønt kan ein få kjøpt her året rundt.
Om du treng ei grein vrihassel eller granbar til krans, så veks det meste her.

bottom of page