Meir om dahliastiklinger
Stiklinger kan ha litt ulike størrelser, ikkje alle kultivarer veks like raskt sjølv om dei blir laga samme dag.
I løpet av dyrkingssesongen vil likevel alle bli fullverdige planter, med egne knoller ein kan lagre over vinteren.
Ein skulle tru at ei lita stikling ikkje har like mykje voksekraft som ein tjukk knoll, men det stemmer ikkje.
Ofte ser me at stiklingane som er tatt på samme tid som knollen blir satt i jorda, blomstrer før knollen!


Når du planter ein stikling, er det fristande å la mest mulig grønt få være over jorda.
Men det luraste du kan gjere er å fjerne dei nederste bladpara, og plante så djupt at det kun er det øverste grønne igjen som synes over jorda. På denne måten kan cellene som sitt i bladfestet endre arbeidsinstruks, og lage knoller istedet for blad. Her ser ein tydelig tre "etasjer" med knoller som har komt ut fra der blada først var festa. Dette fører til ei sterkare plante, og fleire knoller som du kan dele med venner (eller beholde sjølv!) året etter.
Ein stikling er på samme måte som ein knoll er det, ei nøyaktig klone av morplanta.
Meir om dyrking av dahlia
Dahlia fra frø
Å dyrke dahlia fra frø er spennande, men ein veit aldri helt kva ein får... Dahliafrø blir ikkje like som foreldra, slik det blir hos mange andre planter.
Men det er ved å krysse pollen fra ulike foreldre at nye kultivarer blir til. Dei originale dahliaene var enkle, åpne sorter, der insekt lett kjem til for å pollinere. Når du høster frø fra dagens dahlia, vil mange av frø-babyane gå tilbake til dette, og bli åpne, enkeltblada blomster, gjerne i fargane rødt og gult. For å få fram ein ny kultivar, ein ny 'Cafe au lait' eller anna hit, må du sannsynligvis kassere rundt 1000 andre...
Men det finns strategier, tips og triks som gjer at du har større odds for å få fram det du har lyst til.
Om du er interessert i å lære meir om dette, anbefaler eg varmt boka til Kristine Albrechts.
Den kan kjøpast her:
(husk, det kjem ingen tillegg for fortolling eller norsk mva på bøker :) Jippi!)

.








